I 1984 gav Nina Karin Monsen ut boka Jomfru, mor eller menneske? med undertittelen Feministisk filosofi (frå no av referert til som JMM). Mange tenkjer i dag på Monsen som ein ganske kontroversiell filosof som kritiserer alt og alle, og held seg med nokso uortodokse synspunkt – ein del freistar å imøtegå henne med sakleg usemje, medan andre tyr til retoriske våpen som latterleggjering. JMM, som analyserer feministiske spørsmål frå ein filosofisk og historisk, meir enn politisk ståstad, er mellom dei av bøkene hennar som kanskje har medverka sterkast til dei reaksjonane Monsen ofte blir møtt med.
Premiss og kontroversar
Boka er ryddig og godt oppbygd, og Monsen held seg som vanleg med eit klårt og greitt riksmål. Ho tek til med ei innleiding som inneheld ei omgrepsavklåring av typen ein fort kan sakne i dei stuttare tekstane forfattaren ofte tergar på seg folk med. Monsen introduserer og forklårar omgrepa ”den feminine kvinne”, ”den dameaktige kvinnen”, ”den mannlige mann” og ”den mannfolkaktige mannen” (merk vekslinga mellom tofelt og einfelt bundenskap). Desse omgrepa blir greie sjablongar å halde seg til for å kunna fylgje resonnementet i boka. Serleg kontroversielle skulle dei heller ikkje vera, med di Monsen gjentek fleire gonger at typane ikkje er ”objektive beskrivelser av virkeligheten”, og at ”vi har alle et Janus-ansikt”.
Meir tirrande er det radt at forfattaren opnar med å peike på ein serie ”tankekors” som den rådande feministiske tenkinga skaper. Nina Karin Monsen avviser at kvinner er skuld- og andsvarsfrie i kvinneundetrykkinga og at kvinner er moralsk meir høgverdige enn menn. Med dette går ho òg til åtak på mannsdiskrimineringa som kvinnefrigjeringa kan føre med seg, og sler fast at ”søstersolidariteten [ikke] kan utelukke menn”. Slike ting skulle det ikkje vera naudsynleg å nemne, men Monsen vel altso å slå fast dette som eksplisitte premiss for resten av boka, noko som er med på å skilja argumentet hennar frå det ho kallar ”populærfeminismen”.
Spanande historisk oversyn
Dei to fyrste kapitla av JMM tek so føre seg ulike kvinne- og mannsbilete – som Monsen jamfører med sine eigne typar – og grunnlaget for desse. Her presenterer forfattaren eit fascinerande oversyn over filosofiske og religiøse grunnlag for vanlege syn på kvinna. Kapitla er solid underbygd med referansar til andre verk, mellom anna med analysar av kvinnesynet hjå klassiske diktarar. Monsen tek for seg blod- og sædtilbedinga som bakgrunn for mannssjåvinismen, til dømes nemner ho at Aristoteles meinte at kvinner var ufullkomne menn, av di dei ikkje kunne produsere sæd. Nok ein gong fører Monsen si utgreiing til ein tankekross, som når ho peikar på feministar som har hevda at mannen er ”en defekt kvinne”, og nok ein gong tek ho til ords for ein feminisme utan å skapa ein kvinnesjåvinisme. Deretter vender ho attende til det religiøse, og denne meldaren er serskilt imponert av refleksjonane kring Maria møy sin plass i kristendomen, sjølv om denne delen av boka ikkje er heilt uproblematisk, noko eg skal koma attende til. Alt i alt er denne fyrste halvparten av JMM, som dannar det historiske bakteppet for resten, tankevekkjande og god, sett bort frå at utgreiinga om matriarkatet i kapitel II kan vera vel abstrakt.
Tirrande problem
Andre halvdelen av JMM går meir inn på politiske spørsmål, jamvel om det historiske perspektivet er med her òg. Monsen går i rette med kvinnnesynet i ”populærfeminismen”, og her merkar ein kanskje betre enn elles i boka at det er ein filosof som skriv. Vi les ei god skildring av dei ulike kvinnesyna, og får forklåra korleis dei har oppstått på bakgrunn av dei homososiale tilhøva i kvinne- og mannssamfunn. Eg uthevar ”homososiale”, fordi dette ordet innleider eit ømt punkt i boka. Tidvis sit ein att med kjensla av at Monsen blandar saman homososiale forbund, homoseksualitet og homofili, og eg skriv ”kjensla” fordi dei aktuelle avsnitta diverre er for uklåre, og Monsen nok står i fare for å støyte frå seg nokre av dei som elles er einige med henne. Vel er kritikken av lesbene som opphøgjer seg sjølve rettvis, men det gjer ikkje forfattaren sitt syn på homofili noko klårare.
Dei siste par kapitla er venteleg dei mest kontroversielle, og samstundes dei mest spanande. Frå før har Monsen vist korleis kvinner til tider har greidd å draga fordelar av kvinneundertrykkinga – mellom anna slepper dei militærteneste. No kritiserer ho dei stereotype kvinnnebileta som har sett kvinner kollektivt i eit forskjønnande ljos. Kvinner er ikkje betre til å stelle i heimen, meiner Monsen. Og ikkje er dei betre til å ta vare på born – faktisk er det langt frå alle som skulle hatt born, av di ein ikkje treng å føde for å stadfeste sin ”kvinnelighet”. Dermed sablar Monsen ned det ukritiske kvinnesynet som mellom anna blir formidla av vìkeblad, samstundes som ho syner korleis det heng saman med tidlegare religiøse og kultiske kvinnesyn. Påstanden hennar er at ”populærfeminismen” ikkje har eit heilare eller moralsk meir konsekvent kvinnesyn enn mannssjåvinismen, og so vidt underteikna kan sjå, er påstanden godt underbygd.
Boka avsluttar med ei grei oppsummering av den filosofiske kritikken mot den rådande feminismen, og eit resonnement med konklusjonar som er meint å vera grunnlaget for ein annan type feminisme. Lik Virginia Woolf i A Room of One’s Own, vil Monsen skapa ein ny kvinn(esk)etype. I JMM heiter ho Sophia – visdom – og ein kan vel ikkje sjå på det som anna enn sympatisk at Monsen ynskjer seg visdommen som grunnlaget for feminismen. Mest fruktbart i dette siste kapitlet er kanskje analysen av det feministiske språkspelet, og ordbruken. Monsen er i sitt ess som språkfilosof, og dette avsnittet – ”De doble kvinneordene” – peikar fram mot nyare bøker av same forfattar, som til dømes Kunsten å tenke.
Nokre hovudinnvendingar
Ein kan innvende at boka skulle vore lengre for å kunna trenge nøgjare inn i serskilt ein del av dei historiske og filosofiske utgreiingane. I føreordet seier forfattaren seg sjølv lei for at boka er ”kortfattet”, men at dette var rama ho hadde høve til å fylle. Soleis er dette mest av alt eit argument for større løyvingar åt fagbokforfattarar som Monsen. I tillegg er vel JMM utdatert på sume felt – ho kom som nemnt ut i 1984 – men dette kan jo ikkje Monsen lastast for.
Mest problematisk er heller synet på homofili – eller det manglande synet – som blir avteikna eit par stader i boka. Ein får håpe at Monsen ikkje har noko imot sine homofile våpensystrer og –brør, men inntrykket blir ikkje betra av utsegner som dette: ”Det er derfor også i mannssamfunnets interesse å fremme kvinnenes selvstendige og frie heteroseksualitet, bekjempe den frigiditets/impotensskapende mannfolkaktighet, å legge grunnen til rette for en heterofil mentalitet”(s. 135). Personleg kunne eg gjerne tenkje meg at Monsen gjorde greie for synet sitt på homofili, spesielt etter det nyaste essayet hennar i Klassekampen.
Likevel er det som Monsen seier i føreordet: ”På dette området lar heller ingenting seg bevise, men mye kan vises.” JMM burde lesast av alle som vil bli vist utradisjonelle feministiske perspektiv.
0 innspel:
Legg inn en kommentar