Småborn, de lyt stunde etter alt det vene Musen’ gjev dykk
syngjand’ med fiolbarm med’ dei spelar på ei klangklår lyre;
Eg sjølv er no stivbeint, og av di alderen gråe greip meg
kjenner eg meg kje lettbeint som før - kvite hår veks av svarte,
sjela mi er tung vorten og knea vil kje lenger bera
dei som før var snøgge til å danse liksom lette dådyr
- Alltid skal eg klaga over dette, men kva kan eg gjera?
Menneska lyt eldast når dei lever; noko anna går kje.
Likeins om Tithonos blir det sagt at han vart teken den gong
rosearma Eos bar han med seg; ho var full av kjærleik,
medan han var vakker og ein unggut; men då lange tider
var gått, vart han skrøpleg - men kje kona, for ho bleiv udøy’leg.
0 innspel:
Legg inn en kommentar